Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll -
   eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten











 

 

Kajakkar

"Eldjarnet"

Boreal Design Esperanto

K2-en Esperanto er ein perfekt måte å få smak på padlinga gleder med. Ein særs stabil fakost. Ikkje av dei raskaste K2-ane. men du skal klara å krusa i litt over fire knop.

Lengde: 594 cm
Bredde: 72,4 cm
Vekt: 43 kg

Les meir


"Sverslingen"

North Shore Buccaneer
Kjempefin kajakk både til å padla i styggevêr og jobba med kanting og diverse manøvrar med åra. Båten er laga i glasfiber og må handsamast med litt meir omsorg enn polythylen-kajakkane i klubben.

Lengde: 530 cm
Breidde: 55 cm
Vekt: 25 kg.

Les meir


"Drøno"

Boreal Design Baffin
Leiken kajakk uten ror, som svingar kjapt ved kanting, fin til rulletrening og leik i bylgjene.

Lengde: 518 cm
Breidde: 56,5 cm
Vekt: 27 kg.

Les meir

"Marstein"

Seda Ikkuma 17
Favorittbåten til fleire av dei meir røynde klubbmedlemmane. Båten har prima sekundærstabilitet, kjempegod å rulla med. Du får god kontakt med båten.

Lengde: 527 cm
Bredde: 55 cm
Vekt: 21 kg

Les meir


"Bleikjo "

NDK Explorer

Exploreren er ein utmerkt kajakk for lengre turar, men er leiken og fin likevel.

Lengde: 540 cm
Breidde: 54 cm

Les meir

NDK Explorer
"Hekkingen"

Valley Avocet PE

En kompakt kajakk for mindre personer eller dei som vil leka med en livlig kajakk i byljena. Skal vera ein utmerket surfekajakk og er bygd på den populære Pintail men litt mer tilgjivande og retningsbestemt.

Lengde: 488 cm
Breidde: 56 cm
Vekt: 26 kg

Les meir
Valley Avocet

"Austevoll Seafood"

Tiderace Xplore

Xplore er ein utmerkt kajakk for lengre turar.
Kajakken har eit utruleg fartspotensiale, men er likevel rett så leiken.
I tillegg har båten ei rekkje flotte detaljar og utruleg fin finish.

Lengde: 548,6 cm
Bredde 53 cm

Les meir


"Skorpo"

North Shore Polar

Polar er lillesysterea til Buccaneer, eller for vår del Skverslingen, skriv importøren på heimesida si. Polaren er ein fot kortare og med mjukare knekkspant og mindre volum..

Lengde: 500 cm
Bredde 54 cm

Les meir

"Tovo"

Tovo a.k.a Divaen (Valley Aquanaut LV)
Me fekk overta God Tur-Kyrre sin gamle aquanaut seinhaustes 2010, og båten kom over natta til å bli fleire havstrilar sin store favoritt: Rask, leiken, retningsstabil. Tre ting på ein gong, går visst for Nottingham-selskapet Valley. Båten passar best for mindre til middels store padlarar.

Lengde: 521cm
Breidde: 55cm
Djupn: 32cm

Les meir



"Kaggen"

Nigel Dennis Kayaks Romany " Kaggen"
Legendarisk leikekajakk frå walisiske Nigel Dennis. Design av nesten like legendariske Aled Williams. Båten, som me sjølva har teke fargevalet på, er raskt blitt ein av dei desiderte favorittane i klubbflåten. Modellen er òg blant seriøse padlefolk sine favorittar til teknisk padling. Passar til ungdommar og vaksne opptil om lag 90 kilo.

Lengde: 485 cm
Breidde: 54 cm

Les meir

"Furen II"

Arow Kayaks Play aka "Furen II"
Arrow Play er blant dei mest leikne kajakkane som finst på marknaden. Dette er kajakkar som tåler mykje sjø, med særs leikne egenskaper. Med sin fantastiske stabilitet passer han utmerkt til padlarar som ynskjer ein pangstart på lærekurva sin, for med denne kajakken blir du en god padlar enten du vil det eller ei.

Lengde: 5,13m
Breidde: 53cm
Vekt: 24kg
Cockpit str: 79×41 cm

Les meir



"Barnekajakk"

KayakPro NAMU Kid/TBN

Kanskje den råaste kajakken i Havstril-flåten Også kjøpt inn med barn og unge i tankane. Ut i Naturen i Stavanger har vore ein pådrivar for å få denne båten på marknaden.

Lengde: 411 cm
Breidde: 52 cm

Les meir

barnekajakker.htm
"Barnekajakk"

Prijon Viper/TBN

Tysk kvalitet, designa for barn, ungdom og mindre vaksne frå 30 til 60 kilo. Maksimalhøgde på padlaren 165 centimeter.

Lengde: 378 cm
Breidde: 57 cm

Les meir



 
                                                  © Havstril Padleklubb - 5397 Bekkjarvik - info@havstrilpadleklubb.no