Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll -
   eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten












Årsmelding 2010

Havstril padleklubb

Havstrilstyret i 2010 har vore Trond Hagenes (leiar), Inger Uglenes (nestleiar og representant til Austevoll direttsråd), Rune Hugøy (heimesidedesigner/styremedlem) og Ingunn Berge Vik (styremedlem). Det er avheldt tre styremøte, og ein del avgjerder er gjort etter konferering per e-post, SMS eller telefon.

Medlemstalet har følgd ei postiv kurve, og spesielt er det å merka seg at talet på ungdom og studentar har auka monaleg. Ved årets utgang har me 97 betalande medlemmar, og to som er medlem gjennom samarbeidsavtala vår med Austevoll Seafood ASA. Totalt står me dermed med 99 medlemmar i Havstril pk per 31. desember 2010.

HMS-plakaten vart vedteke på årsmøtet 2010.

I 2010 har klubben satsa på barn og ungdom. Mellom anna gav dette seg utslag i eit reint, gratis ungdomskurs, heldt av Morten Nyborg frå Haugesund kk. Fleire av desse ungdommane vart medlemmar etter kurset. Havstril har og kjøpt inn to barnekajakkar og årer. Dette vart til mellom anna gjennom økomisk støtte frå Barneidrettsfondet og Liv og lyst i Austevoll. Mellomtrinnet på Trolandshamar skule var på slutten av skuleåret 2009/10 på Sveholmen og fekk prøva kajakkane våre.

Eit av dei mest positive trekka i 2010 var at fleire blinde / svaksynte tok våttkort gjennom klubben, og jamvel vart medlemmar. Dei viste meistring og vilje langt over gjennomsnittet, og det er særs gledeleg at klubben kan vera med på å gje ei gruppe som svaksynte meir diversitet i fritidsaktivitetane.

Klubben fekk utdanna fire nye aktivitetsleiarar. Dette førte ikkje til særleg auka aktivitet på sjøen, då mellom anna husbygging og litt ugunstige skift på fisket spelte inn i dette.

Det var ein liten nedgang i introkurs frå dei to føregåande åra.

Som tidlegare år er det fellespadlinga som har vore klubbens hovudaktivitet. Kvar torsdag, med mindre vêret var for dårleg, var me stort sett på bylgjan blå. Det vart ein treig sesongstart, då store delar av våren var både kald, ufyseleg og med sterk nordavind på padledagane. Etterkvart kom me likevel i siget, og det var mange nye fjes innom padleøktene på forsommaren. Litt låg interesse i fellesferien, men slik er det år om anna (vêret spelar spesielt inn i denne perioden). Siste fellesturen vart såpass seint som 15. oktober. Etter dette vart det ikkje høve til å arrangera andre klubbaktivitetar enn dugnad på Sveholmen.

Der har arbeidet gått seint, men jamt og trutt framover. Nærare årsskiftet fekk me endeleg flytebryggja på plass, noko me fekk gode attendemeldingar frå Bergen- og omland friluftsråd på. På sommartida gjorde undervassjegarane ein storleg jobb med bryggja ovanfor, medan Eivind Møgster også gjorde ein kjempejobb. På hausten var Rune Hevrøy særs aktiv på dugnadane. Begge fortener storleg skryt for engasjementet med arbeidet.

Vonaleg vert det opning av anlegget på forsommaren 2011.

Havstril kjøpte inn to kajakkar i tillegg til barnekajakkane nemt ovanfor. Den fyrste var ein North Shore Polar, den andre ein brukt Valley Aquanaut LV, med kjølstripe og alt. Det siste vart mogleg takka vera ei pengegåve frå Sparebanken Vest på slutten av året, slik at me kunne forsera investeringsplanen vår.

Bloggen, http://havstril.blogspot.com har vore den fremste informasjonskanalen til medlemmane. I løpet av året vart det lagt inn 142 nyhende, og frå 1. februar 2010 til 9. januar 2011, var det totalt 2 326 besøk på sida. Me oppnådde fleire treff då me tok Facebook meir aktivt i bruk til medlemskommunikasjon på seinsommaren. I tillegg var beriare info om klubben tilgjengeleg via heimesida http://www.havstrilpadleklubb.no

Totalt eit nytt år der klubben har vist framgang, ikkje berre på materiellsida, men og ved at me har fått knytt forankring til Sveholmen, inkludert nye grupper medlemsmassen og utdanna fleire aktivitetsleiarar. Dette gjev von om endå breiare og betre padleklubb for Austevoll i åra som kjem.

Valkomité til Havstril pk for 2011 er Yngve Drønen Ringdal – mob 922 58 099 og Malin Sørvik.

Havstrilstyret,
6. januar 2011

 
                                                  © Havstril Padleklubb - 5397 Bekkjarvik - info@havstrilpadleklubb.no