Klubb for alle kajakkentusiastar i Austevoll -
   eit øyrike som passar som åre i neve for denne aktiviteten









 

 

Theatre of Dreams

Austevoll. Som eit padlesportens svar på Old Trafford ligg det klart for å inntakast.
Padletak for padletak har fartvatnet mellom dei 667 holmane, øyane og skjera det meste å by på.

Dorske pollar med trekledde åsar som rammer, stupbratte skrentar med tergande refleksbølgjer eller rett og slett kvadratkilometer på kvadrat- kilometer med ramsalt sjø.

Summen av skjergarden i Austevoll gjer at uansett kva aspirasjonsnivå du har, finn du på dei fleste dagar noko som passar for deg. Du kan leika deg i tidevasstraumen som går ut frå Heimarkpollen, du kan terga bårene vest av Møkster eller på fine somardagar padla roleg og avslappa til dei fleste avkrokane du finn på draftet.

Havstril padleklubb har som mål å gjera opplevingar i kajakk meir tilgjengeleg for endå fleire austevolingar og tilreisande.



 
                                                  © Havstril Padleklubb - 5397 Bekkjarvik - havstril@gmail.com